Nye internshipstudentar styrkjer FTSAs samarbeid med Liberty Now og USN

Fellestjenester satsar målretta på internship som ein viktig møteplass mellom utdanning og arbeidsliv. 

På foto: Lars Grini, Simen Roheim Iversen og Lasse Mostuen.

Gjennom samarbeid med Universitetet i Søraust-Noreg (USN) og fleire samarbeidspartnarar gir FTSA studentar høve til å arbeide med reelle IT -oppgåver , både internt i organisasjonen og ute i verksemder med system i aktiv drift. Denne våren har to nye internshipstudentar starta praksis gjennom FTSA.

Begge studentane går 6. semester på IT studiet i Bø ved USN, og starta internship 5. januar. Internshipet er ein del av FTSA sitt samarbeidsløp med utdanningsinstitusjonar og næringsliv, der målet er å gi studentane relevant erfaring frå verkelege arbeids- og driftsmiljø.

Internshipet inneber arbeid med IT relaterte problemstillingar for Fellestjenester SA (FTSA), samtidig som studentane også får praksiserfaring hos fleire av FTSA sine samarbeidspartnarar, mellom anna Liberty Now, eit teknologiselskap som utviklar og driftar digitale løysingar for daglegvarebutikkar og miljøstasjonar. Studentane får jobbe tett på område som systemutvikling, drift, brukaroppleving og digital samhandling.

«Gjennom internship får vi møte unge fagfolk som er nysgjerrige, løysingsorienterte og engasjerte. Det tilfører energi til organisasjonen og gir dei ein realistisk veg inn i teknologiarbeid i praksis,» seier Lars Grini, som følgjer opp internshipordninga på vegner av FTSA. Til dagleg er han Head of DevOps og utviklingsleiar i Liberty Now.

Simen (31) fortel at han tidlegare har jobba med og utdanna seg innan estetiske fag, noko som har gitt han ei sterk interesse for frontend‑utvikling og den visuelle brukaropplevinga.

«Nysgjerrigheita mi har alltid kome frå gleda ved å lage ting og løyse tekniske problem — meir enn frå data i seg sjølv,» seier han. «I studiet har eg vore mykje innom problemløysing på nye måtar.»

Etter å ha snakka med tidlegare internshipstudentar fekk Lasse (24) eit inntrykk av at internshipordninga gir høve til å arbeide med utfordrande og meiningsfulle oppgåver. Han ønskte å sjå korleis IT‑arbeid fungerer i praksis, og valde difor å søkje internship.

«Eg valde internship fordi eg ville gjere noko som er ekte. Det er noko heilt anna å kome inn i eit eksisterande system og sjå korleis alt heng saman i praksis,» fortel han. «Eg har alltid vore interessert i PC og korleis alt endrar seg heile tida. Det er alltid noko nytt å lære og nye utfordringar å løyse. Eg gleder meg til å utvikle ferdighetene mine innenfor IT og få relevant erfaring som eg kan i bruk seinere.»

FTSA ser internship som eit viktig verkemiddel for å styrkje samarbeidet med USN og for å byggje bru mellom studentar, fellestjenester og arbeidsliv. Studentane får ta aktiv del i pågåande arbeid, og har allereie bidrege inn i fleire sentrale tema knytt til IT og digital utvikling.

«Det er inspirerande å sjå korleis studentane raskt tek ansvar og bidreg inn i viktige prosessar. Dei får vere tett på løysingar som betyr noko for kvardagen til folk — og samtidig utvikle eigne ferdigheiter i eit høgteknologisk miljø,» seier Lars Grini.

FTSA ønskjer Simen og Lasse varmt velkomne, og ser fram til vidare samarbeid med studentane, USN og samarbeidspartnarane i tida som kjem.

Kommunikasjon, FTSA
Beate Marie Dahl Eide